"DET ER LOV Å VÆRE GOD"

Ein svært engasjerande og sterkt motiverande Erik Vea heldt føredrag på Akslahuset laurdag 13. november for eit 50-tals aktive og foreldre i Aksla.
Her er eit samandrag av det den tidlegare toppidrettsutøvaren presenterte.

1. Du må utnytte dine mulegheiter til det beste for deg sjølv og laget ditt.
For å bli god må du ville det :
- du må ville det på ordentleg
- dine medspelarar må ville det
- trenaren må ville det
- formannen i klubben må ville det
- kasseraren må ville det
- foreldre/føresette må ville det

MEN DET ER MEG SJØLV DET KJEM AN PÅ !

2. Kva skal til for å bli god ?
- sette seg rette mål
- trene med kvalitet
- trene på rett måte
- ha draumar
- ha eit godt støtteapparat (foreldre, trenarar, miljø)
- HA DET GØY !!!!!!

3. Korleis tenker ein vinnar ?
- tenker oppgåver, ikkje resultat
- tar mange val - tviler sjeldan på dei vala han/ho har tatt
- er målbevisst og har fleire bein å stå på (er allsidig - trenar allsidig)
- ser den store konkurransen som ei vanleg konkurranse
- sjølvtillit er eit praktisk og ikkje teoretisk ord (den straffa set eg i mål, kvar skal eg plassere den )
- har ein trenar som gir ubetinga anerkjennelse
- viktig å gå på bana for også å gjere dei andre på laget gode
- konsentrerar meg om BERRE det eg kan gjere noko med ( innsatsen min, teknikken, tankane mine, kva eg gjer for laget mitt)

INGEN KAN GJERE NOKO MED "DUMME" DOMMARAR, DÅRLEG VÆR, UMULEG KEEPER OSV. !!!!

4. Korleis sette seg mål ?
- klargjering av mål/krav
- konsekvens av mål/krav ( må vi trene meir for å kome dit vi vil ?)
- kompromisslaus gjennomføring av planen
- kvalitet i gjennomføring
- kontroll av gjennomføring/individuell oppfølging
- klare spelereglar/utøvar sitt ansvar (korleis snakkar vi med/til kvarandre på laget ?)

VI TAPTE IKKJE FORDI VI VAR UHELDIGE MED TREKNINGA, ELLER AT EIN SPELAR VAR SJUK OSV., MEN VI TAPTE FORDI DET ANDRE LAGET SKÅRA FLEST MÅL, DERMED VAR DEI BETRE ENN OSS I DENNE KAMPEN !!!!!!!

5. Kvalitet på trening :
- hardt arbeid
- enkle løysingar over tid (jobbe med ein/få ting om gongen)

EG KJEM IKKJE PÅ TRENING FOR Å BLI TRENT, MEN FOR Å TRENE !!!!!

- treninga startar ALLTID til avtalt tid (om trenaren er litt forsinka, startar vi å trene sjølve)
- aktive trenarar veit kva dei skal gjere får utbytte av treningsøkta - veit korleis det skal kjennast på kroppen
- treninga må vere allsidig og basisferdigheiter er vesentlege
(styrke, kondisjon, bevegelighet, spenst, utholdenhet)
- trenaren trekker inn andre (alternative) treningsaktivitetar (fjelltur, sykkeltur)
- trenaren skal bygge mental styrke ; sjølvtillit:

EG ER FAKTISK GOD TIL NOKO. EG ER FLINK. EG ER KJEKK Å VERE SAMAN MED. EG ER VIKTIG FOR LAGET.

6. Motivasjonsfaktorar (viktig å finne fram til den enkelte sin motivasjonsfaktor)
- kunne utrette noko
- aksept
- ansvarskjensle (tar ansvar)
- forståing gjennom kunnskap (kunne litt om trening)
- utfordringar
- vekst - lykkast i å meistre noko
- glede/vere tilfreds med eige sjølvbilde

Støtteapparatet er svært viktig:
- foreldre/føresette
- trenaren
- laget
- klubben

Foreldrerolla:
- må hjelpe og støtte barna
- følge opp både på treningar og kampar, ikkje berre køyre barnet hit eller dit
- ikkje realisere seg sjølv gjennom barna
- vite kvar grensa skal gå for å "pushe" på barnet

Trenarrolla:
- må ha forståing for å bygge opp den enkelte spelar og laget på alle plan (det er veldig viktig at du er på laget, kvifor kom du ikkje på trening i går ?)
- dersom ikkje trenaren har kompetanse på alle område sjølv, må den skaffast frå andre stadar, ev. frå foreldre eller andre
- den mentale delen av treninga er mest viktig - det kan ha ei avgjerande rolle for utviklinga av personlegdomen til den enkelte ungdom

DET DU HØYRER OG OPPLEVER MANGE GONGAR, BLIR SANT ! !!!
(Du er treig. Du er klossete. Du er god. Du er flink. Dette klarer du. Prøv ein gong til.)

Vea avslutta med eit sitat frå Gunnar Pettersen, landslagstrenar i handball:

"DET DU IKKE FÅR TIL I DRØMMEN, KAN DU HELLER IKKE FÅ TIL I VIRKELIGHETEN" .
IKKJE ALLE DRAUMAR VERT OPPFYLTE, MEN DU MÅ HA DRAUMEN !!!!

Referent Ann Karin Hauge
15.11.2004